Den svenske riksdagen har vedteke forbod mot utvinning av olje, kol og gass i Sverige. Landet har ingen nemneverdige slike ressursar. Opposisjonen stemte imot, fordi dei meiner vedtaket berre er symbolsk, men at det kan bidra til at forsyningstryggleiken for kritiske varer kan bli dårlegare.
Lova skal tre i kraft frå 1. juli 2022.