Skatteflyktningar må gjere opp innan 12 år

Luzern, foto LoggaWiggler, Pixabay
Luzern, foto LoggaWiggler, Pixabay*
Regjeringa har innført ein ny regel som gjer det vanskelegare for skatteflyktningar å sleppe unna skatt på gevinst som er tent med bustad i Noreg. Hausten 2002 starta mellom andre Kjell Inge Røkke ein straum av rikfolk som flytta til Sveits. I ettertid har regjeringa gjort fleire tiltak for å tette skattehol som ‘flyktningane’ har kunna utnytte.

Frå  og med 20. mars kan ein ikkje lenger flytte frå skatt ein skyldar for vinst som er gjort medan ein bur i Noreg. Men skatten kan utsetjast i 12 år. Flyttar du attende før den tid, vil skatte bli rekna ut og kravd inn på vanleg måte. Men om ein ikkje flyttar heim innan 12 år, blir den skyldige skatten kravd inn.

Les meir på NRK