Etter Hamas-åtaket mot sivile israelarar og israelske militære grensepostar har mange brukarar av sosiale medier klaga på at dei blir sensurerte i det stille på fleire plattformer. Særleg får Meta – eigar av Facebook og Instagram – kritikk for såkalla «silent banning» av innhald dei ikkje likar.
På NRK fortalde skodespelaren Thea Sofie Loch Næss om kva ho opplevde då ho posta eit innlegg på Instagram med vidaredeling av innlegg andre sine innlegg om den israelske krigen mot Hamas. Mellom anna delte ho ein video få Legar utan grenser som sa at tidsfristen Israel ga palestinarane til å flykte sørover på Gazastripa var for kort. Næss har vanlegvis tusenvis av sjåarar på sine innlegg. Denne gongen hadde berre 38 sjåarar sett innlegget etter 20 timar.
Meta skuldar på feil i systema sine når dei blir kritiserte for slike hendingar.
Amnesty: algoritmestyrt fremjing av hatefulle ytringar
Amnesty rettar også kritikk mot Meta for sensur av pro-palestinsk innhald. I Klassekampen hevdar Gerald Kador Folkvord, politisk rådgjevar i Amnesty Norge, at pro-palestinsk innhald blir mykje strengare hindra enn pro-israelsk. – Det er helt vanvittig mye hets mot jøder og muslimer som ikke fjernes. Tek-gigantenes algoritmer styrer informasjonsutvekslingen basert på hva som gir mest inntekter. Det betyr at hatefulle ytringer fremmes, samtidig som at de fjerner innhold de mener publikum ikke liker, seier Folkvord til Klassekampen.