OpenAI, firmaet bak ChatGPT, blei stifta i 2015 med mål om å sikre at kunstig intelligens skulle vere mogleg å kontrollere, sjølv om teknologien skulle bli i stand til å utkonkurrere menneska på dei fleste område. For å sikre at dei var uavhengige av kommersielle interesser, prøvde OpenAI derfor å samle kapital gjennom folkefinansiering, men nådde berre ein åttedel av målet på ein milliard dollar. Derfor blei privat kapital invitert inn, men utan røysterett og med advarsel om at dei investerte pengane kunne bli tapt.
Likevel, Katharina Pistor, Jusprofessor ved Columbia Law School, konkluderer med at idealistane i styret for OpenAI ikkje hadde ein sjanse når kapitalen ønskjer noko anna. Microsoft var meir interessert i produktet OpenAI utvikla og utviklarane som laga det, enn i dei 13 milliardar dollar selskapet hadde investert. Då OpenAI-sjef Sam Altman blei sagt opp av det idealistiske styret, enda det med at Microsoft sørga for at han kom på plass att. Pistor tvilar ikkje på at sagaen endar med at Microsoft tek kontroll. Etikken tapar mot kapitalen.