No er det klart korleis eit nytt bygg på Campus Kronstad vil sjå ut. Det vil tidlegast stå ferdig i 2020, dersom byggjestart blir etter planen allereie neste år. Men først må styret ved høgskulen godkjenne bygget, og deretter regjeringa.
Bygget vil romme 2000 studentar, og dermed blir det også plass til dei som i dag leiger rom i Møllendalsveien.
Det nye bygget skal stå nord for nybygget frå 2014, og blir på 14.000 kvadratmeter. Det er entreprenør Kruse Smith i samarbeid med L2 arkitekter i Oslo som har teikna bygget som vann artikektkonkurransen.
Les meir i På Høyden