EU sin Repower EU-plan kan gje Norge utfordringar i klimapolitikken. Planen endrar tre direktiv: Fornybardirektivet, energidirektivet for bygg og direktivet for energieffektivisering. Mellom framlegga frå kommisjonen er at handsamingstida for søknader om sol- og vindanlegg må ned i maksimalt to år. Men om det blir søkt om etablering i såkalla go-to-soner skal avgjerda vere klar i løpet av eit halvt år. Innan utgangen av 2026 skal alle offentlege og kommersielle bygg på meir enn 250 kvadratmeter ha solceller. Eitt år seinare skal alle slike eksisterande bygg ha installert solceller. Innan utgangen av 2029 skal alle ny bustadhus ha solceller.
Den norske vindkraftutbygginga blei sett på vent av den førre regjeringa etter mykje motstand. No vil EU-regelverket at grannar og lokalsamfunn skal ha mindre sjanse til å stanse utbyggjing, spesielt i go-to-område, som typisk kan vere industriområde.