Milliardkrav på skatt frå EU til Amazon – vil skjerpe skattelover mot it-gigantane

Konkurransekommissæren i EU sende denne veka eit skattekrav til Amazon på 2,4 milliardar kroner for ulovlege skattefordelar konsernet har nytt godt av i Luxembourg. Samstundes er arbeidet i full gang i EU-parlamentet for å få på plass lovgjeving som kan hindre at multinasjonale selskap organiserer seg unna skatt gjennom skatteparadis i EU.

Dei nye reglane vil innføre at multinasjonale selskap skal betale skatt i heimlandet, som så fordeler skattemidlane etter fastlagde kriteria til andre land.

Eva Joly sit i EU-parlamentet for dei grøne, og er djupt involvert i arbeidet med nye skattereglar. Men ho er ikkje nøgd med framlegget slik det ser ut i dag, fordi det ikkje tar tak i den aggresive skatteplanlegginga som IT-gigantane Amazon, Google og Facebook held på med. Ho fortel til Klassekampen at ho i denne saka har stor støtte i dei store partigruppene i parlamentet for framlegg om at det også må etablerast digitale kriterium for fordeling av skatten frå it-gigantane Dette kan vere slikt som talet på klikk i forskjellige land, talet på opplysningar som er henta inn og talet på abonnement.

Les meir i Klassekampen