I år er det 75 år sidan verdserklæringa om menneskerettar blei vedteken. Den kjende formuleringa i første paragrafen lyder slik:
Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.
Fråsegna er ikkje formulert slik at ho er rettsleg forpliktande for landa i FN. Men dei fleste rettane i fråsegna er tekne inn i andre FN-fråsegner, slik at dei i likevel er rettsleg bindande. Men brot mot rettane går diverre framleis i mange tilfelle ustraffa.
Les i professor Vibeke Blaker Strand sin omtale av mennerettserklæringa på SNL.no