– Lønnsutviklinga etter at KS tok over forhandlingsansvaret i 2004 har vore katastrofalt dårleg, seier Geir Moen, til Utdanningsforbundet sin nettstad. Moen er kontaktperson for grunnskulen i Utdanningsforbundet Innlandet.
Han vonar på «eit kraftfullt uttak» etter ferien. Bente Kampesveen, kontaktperson for barnehage, seier at det har ulma sidan det blei tvungen lønsnemnd i 2021. Ho fortel at sju av ti lærarar i barnehage har vurdert eller vurderer å slutte.