Kva for eit land er nummer to på lista over flest drepne?

Syria er det landet i verda som suverent toppar statistikken over flest drepne menneske på eit år – 50.000. Professor Øyvind Østerud skriv i Aftenposten at ingen gjettar kva for eit land som er nummer to på lista. Det er nemleg ikkje eit land som er i krig, i alle fall ikkje slik ein vanlegvis forstår krig: mot ein ytre fiende eller borgarkrig.

Det landet vi snakkar om er Mexico, med 23.000 drepne i 2016. Det er korkje krig eller fred i Mexico. Væpna narkobandar gjennomsyrar heile samfunnet, dei krigar mot kvarandre og mot politi og militære. Dei har infiltrert desse tenestene, slik at hæren og politiet også til tider skyt på kvarandre.

Østerud meiner ein viktig del av årsaka til valden i Mexico og i megabyar spesielt i Latin-Amerika, er at urbaniseringa har gått altfor fort. Det er ofte store område med slum, der styresmaktene ikkje har særleg tilgang, men som blir styrte av kriminelle bandar.

Les meir i Aftenposten