Nordisk Råd har stemt over eit framlegg frå ‘midtengruppa’ om eit moratorium i utvinning av mineralar på havbotn. 33 stemte for, og 9 av dei 16 som stemte imot eller avhaldne var norske.
Noreg blei altså ståande svært åleine i denne saka.
– Vi aksepterer ikkje at Noreg har planar som går ut over nordiske hav, så Mariane Paviasen frå Grønland.
Også EU-parlamentet har kritisert Noreg for opninga for mineralutvinning på havbotn.