Ein rapport frå Oil Change International hevdar at ingen av dei fem Nordsjø-landa Noreg, Storbritannia, Nederland, Tyskland og Danmark har justert petroleumsverksemda si slik at ho stemmer overeins med Parisavtalen sitt mål om å avgrense temperaturauken til minst mogleg over 1,5 grader.
Mellom dei fem landa kjem Noreg verst ut, med dårlegaste karakter på sju av 11 målepunkt. Noreg fekk berre godkjent for regulering av utslepp av drivhusgassar frå produksjonsprosessen.
Dei fem landa ville til saman vore den sjuande største oljeprodusenten i verda, om dei vart rekna som eitt land.
Les mer i Dagbladet.