Ikkje berre Cape Town: Fem megabyar kan miste vatnet

Cape Town er berre få veker unna ei full vasskrise, om ikkje det kjem mykje regn før den tid. Men det er fleire og større byar som også risikerer same lagnaden: Sao Paulo, Bangalore, Beijing, Kairo og Mexico By.

BBC melder at det er vassmangel i kvar fjerde storby i verda, og FN åtvarar mot at etterspurnaden etter vatn kan bli 40 prosent større enn tilbodet i 2030. Alt i dag slit 2,7 milliardar menneske med å finne drikkevatn minst ein månad i året.

Verst stilt kan de bli i megabyane, der klimaendringar, infrastruktur som ikkje er tilpassa den enorme folkeauken, industriell bruk av vatn og livsstilen til stadig større grupper er blant dei viktigaste drivarane bak vasskrisa.

Les mer på NRK.no