Høgskulen på Vestlandet (HVL) leverte sin søknad om å bli godkjend som universitet torsdag 20. juni.
Høgskulen har vel 2000 ansatte og 16 483 studentar på fem campus: Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde.
Det nye universitetet får den mest sentraliserte faglege strukturen av alle universiteta i landet, med 3 fakultet: Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) og Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap (FTMS).
Universitetet på Vestlandet skal ha ein profesjons- og arbeidslivsretta profil:
«Med sin profesjons- og arbeidslivsretta profil blir kompetansen ved HVL bygd i samhandling med samfunns- og arbeidslivet. Arbeidslivsrelevans omhandlar samarbeid både om utdanning, forsking og innovasjon. Nok vitskapleg tilsette med erfaring frå og god kjennskap til arbeidslivet er heilt naudsynt for at det nye universitetet skal fylle si samfunnsrolle. Profilen på vitskapleg tilsette ved HVL er tilpassa dei store profesjonsfagområda. Det inneber eit nært samarbeid med arbeidslivet og krev en god del tilsette med relevant, oppdatert praktisk erfaring» (søknad s. 80)
Last ned hele søknaden her (pdf)
Dagen før HVL leverte søknaden, fekk Høgskolen i Innlandet melding om at sakkyndig komite meiner høgskulen innfrir krav for å bli universitet.