Det har oppstått usemje i styret ved Høgskulen på Vestlandet om kompetansekrav for leiarstillingar ved høgskulen. Krav om doktorgrad blir først og fremst grunngitt med ambisjonane om med tida å få universitetsstatus, samt med den stadig sterkare konkurransen om forskingsfinansiering.
Skeptikarane viser til kva slag institusjonar de tre høgskulane under paraplyen HVL er: praksis- og profesjonsorienterte skular, der forsking tradisjonelt har hatt mindre plass. Om ein stiller krav om doktorgrad, vil store grupper potensielle interne søkarar ikkje bli invitert.
– Vi er i ei endringsfase, og vi må ta vare på dei flinke og kloke emna vi har i dag, sa Tom Skauge i styremøtet rett før jul, der det var fleire som hevda at amuensar og dosentar bør stillast likt. Ved Høgskulen i Sørøst-Norge blei dekanstillingane lyste ut med krav om minimum kompretanse som førsteamanuensis. Då var ikkje førstelektorar og dosentar kvalifiserte til å søke.
Saka kjem opp på styremøte i februar, og leiarstillingane blir lyste ut rett etter at dei formelle krava er vedtekne i styret.