I juni fekk Google ei rekordstor bot på kr 2,4 milliardar euro frå EUs konkurransekommisær Margrethe Vestager. No gjer Google endringar i organiseringa av selskapa sine. EU hevdar at konkurrentane til Google Shopping har mist 90 prosent av trafikken sin etter at Google lanserte si eiga shoppingteneste.
Google tek no Google Shopping ut av Google-konsernet, og overfører det til selskapet Alphabet, selskapet som også eig Google. Men det ser ut til at det er berre i Europa Google gjer denne endringa.