Overforbruksdagen i 2022 blir 28. juli. Det er den dagen då ein berekraftig bruk av ressursane for det året er brukt opp.
Overforbruksdagen for Norge var i år den 12. april, ein dag vi deler med Tsjekkia og Nederland. Dersom resten av verda levde og forbrukte som nordmenn og -kvinner, ville vi altså trenge om lag 3,4 jordklodar for at forbruket ikkje skulle øydelegge planeten på sikt.
Men forbruket i Norge er langt høgare enn snittet i verda, som ville trenge 1,7 jordklodar for at forbruket skulle vere ‘berekraftig’.
Sjå overforbruksdag for ymse land på overshootday.org