Gigantkravet frå ex-Vimpelcom-sjefen: – Forkasteleg!

President-dotter Gulnara Karimova -
styrtrik på korrupsjonspengar.

Professor på BI Petter Gottschalk kallar det rekordhøge erstatningskravet frå ex-Vimpelcom-sjef Jo Lunder for ‘forkasteleg’. – Eg håpar for Guds skuld det ikke blir innfridd, seier Gottschalk til Klassekampen. Gottschalk har økonomisk kriminalitet som eitt av sine forskingsområde.

Kravet frå Lunder er på mellom 440 og 530 millionar kroner, for økonomiske tap medan han var sikta, og for tap i framtida.

Økokrim pågreip og varetektsfengsla Lunder i 201 for mistanke om medverknad til grov korrupsjon  i 2015, men fekk ikkje medhald i å halde han i varetekt. To år seinare la dei saka bort. I mellomtida hadde amerikanske og nederlandske styresmakter publisert resultatet av sine undersøkingar, som i høg grad la skulda på eit fåtal einskildpersonar i og nær leiinga i selskapet.

Professor ved Norges Handelshøgskole Tina Søreide meiner Økokrim ikkje kunne la vere å etterforske Lunder. Han hadde signert utbetalinga, og selskapet har i ettertid vedgått omfattande korrupsjon, som det også har betalt 795 millionar kroner i bot for.

Les meir i Klassekampen