Gigantgebyra kan vekse for daglegvarekjedene

Coop litt ditt, logo
Coop litt ditt, logo*
Dei tre daglegvarekjedene Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop blei i desember 2020 varsla om Konkurransetilsynet ville gje dei gebyr på 21 milliarar kroner for ulovleg prissamarbeid. Kjedene vil ta saka til retten om gebyra blir ståande. Ei avgjerd er venta i løpet av nokre få veker.

Gebyret kan ikkje vere større enn 10 prosent av salsinntektene til selskapa. Desse er høgare i 2022 enn i 2019. Dermed kan gebyret ha vakse med 20 prosent. For Rema sin del kan det ha vakse med 30 prosent.

Om kravet blir ståande vil spesielt Coop få problem. Dei har den minste eigenkapitalen av dei tre konserna. Ingen av dei har sett av pengar til å betale gebyr til tilsynet, og verkar trygge på at dei skal sleppe unna.

Les meir på E24