Gebyret kan ikkje vere større enn 10 prosent av salsinntektene til selskapa. Desse er høgare i 2022 enn i 2019. Dermed kan gebyret ha vakse med 20 prosent. For Rema sin del kan det ha vakse med 30 prosent.
Om kravet blir ståande vil spesielt Coop få problem. Dei har den minste eigenkapitalen av dei tre konserna. Ingen av dei har sett av pengar til å betale gebyr til tilsynet, og verkar trygge på at dei skal sleppe unna.