Første doktorgradskurs i profesjonsteori ved HiB

130 studentar frå 42 land er denne veka i Bergen for å delta på sommarskule om global fattigdom. Saman skal dei diskutere fattigdomsspørsmål frå ulike vinklar. Over 70 prosent av dei unge forskarane kjem frå land i sør.

Bergen Summer Research School blir arrangert på Dragefjellet ved Universitetet i Bergen 7-17. august. Doktorskulen er eit samarbeid mellom HiB, UiB, NHH, CMI, Unifob. Skulen har 8 kurs innan ulike fagfelt, som samfunn, klima, helse, menneskerettar og marginalisering. Profesjonskurset er Høgskolen i Bergen sitt bidrag.

Delar av doktorskulen er også open for publikum gjennom ei samling plenumsdebattar.

Rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen sto for den offisielle opninga av skulen. Rektor ved Høgskulen, Eli Bergsvik, innleia ved opningsseremonien, og la vekt på det positive samarbeidet mellom forskingsinstitusjonar i Bergen og med institusjonar over heile verda. – Dette kan sette Bergen på kartet og er starten på nytt internasjonalt samarbeid om forsking, uttalte Bergsvik i innleiinga.

Dette er ein unik moglegheit til å samle forskarar frå heile verda og til å knytte faglege band på tvers av kulturgrenser, uttalar Tom Skauge. Saman med kollega frå Universitetet i Bergen, Tor Halvorsen er han fagleg arrangør av doktorgradskurset Professions and Societal Development. – Vi håpar at dette kan vere starten på eit varig forskarsamarbeid med sør.

Dette er den første sommarskulen av i alt 4 planlagde, kvar med ulike tema. Medan tema i år er global fattigdom, vil Miljø, Klima og Energi vere fokus i 2009, Global Helse i 2010, Normer, Verdier, Språk og kultur i 2011.