Bergen bystyre vil arbeide for at same reglar skal gjelde for cruiseskip som kjem til verdsarvbyen, som dei som skal gjelde for verdsarvfjordane. I mai vedtok Stortinget i klimameldinga at verdsarvfjordane så snart det er teknisk råd, og seinast i 2026, berre skal ta imot null-utsleppsskip.
Fjord Norge sin direktør Kristian Jørgensen samanliknar kravet med å berre tillate elektriske fly i løpet av åtte år. Frå Naturvernforbundet kjem det andre toner: – Det er heilt fabelaktig. Det er berre å gratulera Bergen med å senda eit tydeleg signal til cruisenæringa om at ei ny tid er varsla, seier Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet i Hordaland til NRK Hordaland.