Forbrukarrådet klagar Meta inn for det norske og europeiske datatilsynet for det dei meiner er openberre brot på personvernlovene. Dei fremjer klagen i samarbeid med europeiske personvernorganisasjonen Noyb, som tidlegare har vunne fram i retten med fleire klagar mot Meta.
Meta har varsla brukarane sine om at dei kan protestere mot at Facebook vil bruke bilde dei har publisert på plattforma til å trene kunstig intelligens (KI). Protestane blir så vurderte av selskapet, som hevdar at dei held seg innanfor regelverket.
Meta har gjort det mogleg å protestere mot at Meta brukar innhaldet ditt til trening av KI. Men NRK har gått gjennom kor vanskeleg det er å følgje lenka du får tilsendt som Facebook-brukar. Du må då gå gjennom 7 menyar. Mange klagar til Forbrukartilsynet over at dei ikkje finn skjemaet.
Les meir på NRK, der du òg finn direkte lenke til protestskjemaet på Facebook og Instagram.