Etter at Bø kommune i Vesterålen vedtok å kutte eigedomsskatten i kommunen, vurderer fleire kommunar følgje etter. Både Strand, Tvedestrand og Hvaler diskuterer mogleg skattekutt. Tax Justice Norge er kritiske til trenden, fordi dei meiner skattekutta kan utløyse eit kapplaup mot botn. Dermed kan andre kommunar bli nøydde å kutte eigedomsskatten for å unngå at innbyggjarane flyttar til ‘skatteparadis’-kommunar.
No vurderer også Bodø kommune kutt av eigedomsskatten. Bodø vil vere ein langt meir attraktiv kommune å flytte til for mange, og kan derfor få mykje større følgjer for økonomien i andre kommunar.
Les meir på Tax Justice Norge