LO-leiarane Jørn Eggum i Fellesforbundet og Christopher Beckham i Handel & Kontor vil ta opp sjukeløna i tariffoppgjeret. Når avtalen om inkluderande arbeidsliv ikkje blir forlenga, trur dei at ei ny regjering kan svekke sjukelønsordninga utan å ta omsyn til fagrørsla.
– Jeg er svært skuffet over at IA-forhandlingene ikke førte fram. Nå vil Høyre, Frp og Venstre kunne gjøre endringer i sykelønna etter neste valg. Jeg mener dette må bli en sak i mellomoppgjøret til våren, seier Beckham til Klassekampen (bak betalingsmur). Han er klår over at det ikkje er enkelt å få gjennom slike krav i eit mellomoppgjer, men spør seg ‘kvifor vente?’
YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud trur at fleire av forbunda under paraplyen hans vil krevje sjukeløn gjennom tariffavtalen ved neste oppgjer.