‘Kritikkverdig’. Dette er Riksrevisjonen sin konklusjon på undersøkinga dei har gjennomført av tiltaka for å få fleire unge i arbeid og utdanning. Talet på unge under 30 år som får uføretrygd er meir enn dobla etter 2010. Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen kommenterer til NTB at ‘vi har ikkje råd til at så mange unge fell ut av arbeidslivet’.
Riksrevisjonen meiner at dialogen mellom Nav og dei unge er for lite fokusert på ein plan som skal få brukaren i arbeid eller utdanning. Arbeidsmarknadstiltaka er heller ikkje nok tilpassa denne gruppa, og rettleiarar i NAV opplever mangel på relevante tiltaksplassar for dei unge.