– Berre litt meir skatt frå dei rikaste i verda…

Luxembourg, europeisk skatteparadis. Openstreetmap.
Luxembourg, europeisk skatteparadis. Openstreetmap.*
– Berre litt meir skatt frå verdas aller rikaste kunne gjort ein stor forskjell for mange.

Dette skriver Trine Østereng i artikkelen Noko er galt med verdas skattesystem i Agenda Magasin. Østereng peikar på at dei største økonomiane i verda nyleg diskuterte om dei skulle gå saman om å auke skattane på dei aller rikaste. Det skjedde ikkje, men Østereng trur noko kan vere i ferd med å endre seg.

I dag betaler dei aller rikaste både i verda og i Noreg mindre skatt enn folk flest. Mykje av forklaringa på vanskane med å ta tak i problemet, er i følgje Østereng skatteparadis og lågskatt-land. Samstundes treng mange land pengar i statskassa, og mange låginntekstland har stor gjeld.

Men noko skjer. Verda har fått eit minimumsnivå på selskapsskatten på 15 prosent.

Les meir i Agenda Magasin