Amnesty-gransking: Russiske krigsbrotsverk i Ukraina

T-90 russisk tank. Vitaliy Ragulin, CC BY-SA 3.0 CC by-sa 3.0 via Wikimedia Commons
T-90 russisk tank. Vitaliy Ragulin, CC BY-SA 3.0 CC by-sa 3.0 via Wikimedia Commons*
Under krigen i Ukraina har Amnesty for første gong eigne folk på bakken som skal dokumentere krigsbrotsverk. I ein fersk rapport konkluderer organisasjonen med at dei russiske styrkane drep sivile i i fleire byar.

I storbyane Kharkiv og Miriupol har kringsetting av byar kombinert med grove artilleri- og bombeåtak med breitt nedslagsfelt har ramma mange sivile. Over 10 millionar sivile er drivne på flukt. Tal frå FN fortel at nesten 1300 sivile er drepne så langt.

Amnesty hevdar at dei russiske styrkane nyttar «ibuande vilkårlege våpen.» Dette er våpen som ikkje skil mellom militære og sivile, og som er forbodne etter Genève-konvensjonen. Klaseammunisjon er òg forbode, men nytta av russarane. Russland hevdar at deira styrka ikkje skadar sivile.

Les meir i VG