Vikarbyrå leigde ut helsepersonell for 1,2 mrd

Sykepleier, lisens fri bruk
Sykepleier, lisens fri bruk*
Det svenske vikarbyrået Dedicare leige ut helsepersonell til norske kommunar og sjukehus for 1,2 milliardar kroner i 2023. Sykepleien.no skriv at det norske helsevesenet har gjort seg heilt avhengig av slik innleige.

Systerselskapet Dedicare Doctor har tolvdobla omsetninga på fem år. Dei to selskapa tok ut 76 millionar kroner i utbytte i 2023, omtrent det same som året før. Det er Nationen (betalingsmur) som har laga ei oversikt over økonomien til utleigeselskapa.

Les meir i Sykepleien.no