Kommunane i Vestland fylke har sett av areal for dei neste 10 åra som tilsvarar over 35.000 fotballbanar, som kan byggjast ned til bustader, vegar, idrettsanlegg og meir. Om dei realiserer planane, vil det auke arealet med fritidsbustader med 69%, arealet for bustader vil auke med 30%, og arealet for idrettsanlegg med 78%.
Når det gjeld matjord er det sett av like mykje areal i Vestlands-kommunane til nedbygging som regjeringa har sett som jordvernmål – 2.000 dekar.