Unik forsking på profesjonsetikk

Forum for profesjonsstudier og profesjonsdialog (Forpro) har publisert ei oversikt over norske profesjonar sine eigne retningslinjer for etikk og yrkesetikk. Samlinga er ein freistnad på å lage ei systematisk oversikt over yrkesetikk slik dette blir presentert gjennom profesjonsorganisasjonane fortel Tom Skauge, fagleg leiar i Forpro. Dei ulike profesjonane sine eigne organisasjonar, fagforeiningane, spelar ei viktig rolle i utforming og formidling av yrkesetiske retningslinjer for arbeidstakarar i alle profesjonar. Dette har det vore svært lite fokus på i norsk arbeidslivsforsking påpeikar Skauge.

Lite fokus på profesjonsetikk
Utarbeiding av oversikten over etikk i fagforeiningane er eit ledd i eit forskingsprosjekt om etikk i arbeidslivet, som er sett i gang av Forpro. Prosjektet har som mål å kartlegge implikasjonane av å problematisere etikk i arbeidslivet og også kva rolle profesjonsutdanningane har i å sette fokus på yrkesetikk. Prosjektet er tverrfagleg, og tilsette ved fleire avdelingar deltar. Prosjektet involverar også studentar ved studieemnet Organisering, styring og ledelse i prosjekt ved Institutt for økonomisk-administrative fag, som har hatt etikk i arbeidslivet som ein del av prosjektarbeidet denne hausten.

Samla for første gong
– Av det eg veit er dette første freistnad på å samle og samanlikne retningslinjer for yrkesetikk på tvers av profesjonar i Noreg, seier Skauge. Vi håpar at dette kan rette lys mot profesjonsorganisasjonanes viktige rolle i formidling av etiske og moralske dilemma til arbeidstakarar i Noreg.

Materialet blei for første gong presentert for publikum under Etikkdagene 2008, ved Høgskolen i Bergen.

Du kan lese heile samlinga her.

Lenke til arrangementet