Trump startar gransking av 50 universitet

Linda McMahon, US government
Linda McMahon, US government*
Trump-administrasjonen i USA har starta etterforsking av meir enn 50 universitet for det dei hevdar er rasediskriminering. Administrasjonen meiner at kvite og asiatisk-amerikanske studentar blir diskriminerte gjennom ‘rasebaserte preferansar’ til studieopptak.

Utdanningsminister Linda McMahon seier i ein uttale at ‘studentane må blir vurderte etter prestasjonar, ikkje bli førehandsdømde på grunn av hudfargen’.

Konkret gjeld påstandane om  diskriminerings samarbeid med The PhD Project, som er ein ideell organisasjon som arbeider for at minoritetsstudentar skal komme inn på doktorprogram ved universiteta.

Les meir i VG