Tre blir til ein 1. januar: Høgskolen på Vestlandet

Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund blir til Høgskolen på Vestlandet frå nyttår 2017. Kongen i statsråd godkjende 17. juni samanslåinga, som blir finansiert med 11 millionar i fusjonsstøtte frå staten.

– Etter fusjonen kan Høgskulen på Vestlandet sjå utdannings- og kompetansebehov i vestlandsregionen under eitt. Eg har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Regjeringa sin nettstad.

Den nye høgskolen vil få fem studiestader, og blir spesiell ved at den får nynorsk som primærspråk.

Les meir på regjeringen.no