Sintef: hydrogen + batteri gir nullutslipps hurtigbåter

Forskingsstiftinga Sintef har gitt ut rapporten "Greening the fleet" som går gjennom tilgjengelege system for innovasjon av teknologi for hydrogen, batteri, flytande biogass og biodiesel. Ein av konklusjonane frå stiftinga er at det framleis er naudsynt med offentlege støtteordningar for batteri i maritim sektor på same vis som det har vore fram til no.

Den offentlege støtta til pilotprosjekt har drive fram det teknologiske skiftet, men det er framleis berre en liten del av flåten som går på batteri. Om fiske- og fraktefarty skal over på el, må stønadspolitikken halde fram.

Verdiekjeder

Det same gjeld for andre teknologiar, som hydrogen. Når ny teknologi blir teken i bruk, stimulerer det til kurering av barnesjukdomar og rask utvikling vidare av teknologien. Offentlege krav ved innkjøp er difor særs viktige. Rapporten tilrår at det blir delt ut nye utviklingskontraktar i passasjersegmentet, særleg for snøggbåtar. Her er det sannsynleg at ein må få til ein kombinert bruk av el og hydrogen, og at ein i ein overgangsperiode må tillate grå hydrogen slik at ikkje dårleg tilgang på grøn hydrogen blir en flaskehals for den grøne teknologien.

Les mer på Sysla, eller og på Sintef