Royal Caribbean forurensar fire gonger meir i Europa enn alle europeiske bilar

Royal Caribbeans Anthem of the Seas.
Photo: Glyn Lowe, CC-by 2.0

Cruiseskipa frå det delvis norskeigde reiarlaget Royal Caribbean Cruises slepte i 2017 ut fire gonger meir svoveloksid ved europeisk kyst enn alle bilane i Europa til saman. Royal Caribbean er det nest største cruise-reiarlaget i verda. Størst, og verst, er Carnival Corporation. Skipa deira slepte ut 10 gonger meir enn bilane i Europa. Dette går fram av ein rapport frå stiftinga Transport & Environment -- One corporation to pollute them all.

Spania, Italia og Hellas tett følgd av Frankrike og Norge er dei europeiske landa som er mest utsette for svoveloksidar (SOx).  skriv at desse landa er mest utsette for ureininga fordi dei har store cruise-hamner, men òg fordi dei har låge miljøstandardar for cruisenæringa.

Barcelona er den hamna i Europa som er mest plaga av utslepp til lufta av nitrogen- og svovel-oksidar.

Les meir i the Guardian