Skatteetaten investerar i forsking på skatterett

Skatteetaten satsar 16 millionar kroner på forsking på skatterett ved Universitetet i Bergen. Dei fleste framståande ekspertane på området har gått av med pensjon, og det står ikkje nokon kø av yngre phd-kandidatar klar til å ta over. For å berge fagområdet frå full uttynning, vel skatteetaten då å gå inn sjølv for å sikre vidare finansiering.

Ole Vincent Jebsen, som er seksjonssjef i juridisk stab i divisjon brukardialog i Skatteetaten, seier til Khrono.no at det er naudsynt at akademia er rusta til å vere vaktarar over den objektive skatteretten. -- Ofte har du Skatteetaten på den eine sida med en oppfatning av reglene, og skatteadvokatar på den andre med ein anna rettsoppfatning. Då er det veldig bra at vi har akademia som vaktarar av skatteretten, med objektive akademikarar som kan bruke årevis på verkeleg å djupneanalysere problemstillingar, seier Jebsen til Khrono.no.

Tidene endrar seg, og det er trong for ny kunnskap etter at mykje av skattesystemet blei bygd på 50-talet, meiner Faktultetsdirektør Øystein Iversen ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Les meir på Khrono.no