Rapport: Luftforureining skadeleg for alle organ i kroppen

Skader frå hovud til tå – luftforureining fører til problem for omtrent alle cellene i kroppen, som demens, hjarte- og lungesjukdom, fertilitetsproblem, lågare intelligens, diabetes, leverproblem, blærekreft, beinskjørheit og hudproblem.

Rapporten frå FIRS, Forum of International Respiratory Societies, reknar med at så mykje som 8,8 millionar menneske kvart år døyr for tidleg på grunn av luftforureining.  Blodet tek med seg dei ørsmå partiklane rundt i heile kroppen, slik at kvar einaste celle kan bli påverka – også heilt inn i hjernen. Immunapparatet kan ta partiklane for å vere ein skadeleg bakterie, og starte eit motåtak. Det kan resultere i systemisk betennelse.

Også reproduksjon, foster og barn blir skadde av luftforureining.

Les meir i The Guardian