The Guardian har brukt opne kjelder til å kartlegge kor store utslepp som kjem frå dei superrike sine privat-jet. Dei følgde 200 personar sine 300 fly, og fann at dei frå januar 2022 til september 2023 tilsaman hadde vore i lufta tilsvarande eitt fly i 11 år. Utsleppa utgjorde over 415.000 tonn CO2. Dette tilsvarar dei årlege utsleppa frå 40.000 britar.
Det mest forureinande flyet var eigd av Rolling Stones. Boeing 767-flyet deira blei brukt tilsvarande 1.763 turar tur-retur London–New York på økonomiklasse.