Rikast: Bill Gates |
I løpet av 2016 vil truleg den rikaste prosenten av folk i verda eige meir enn alle dei 99 andre til saman. Leiar i den britiske organisasjonen, Winnie Byanyima, seier at skilnaden mellom dei rikaste og resten aukar raskt. Men også mellom dei 99 prosentane er skilnaden stor mellom rik og fattig. Dei rikaste 20 prosent eig 94,5 prosent av verdiane i verda.
Eit av problema som følgjer med ulikskapen, er at eit lite mindretal kan påverke politikken til fordel for seg sjølv. Både leiar i Det internasjonale pengefondet IMF og pave Frans advarer mot at ulikskapen vil skape problem for verdsøkonomien.