– Ungdom frå Vestlandet som tek utdanning i hovudstaden, flytter i liten grad tilbake til Vestlandet. Ungdom frå Oslo-området som tek utdanning i hovudstaden, vert verande der. Oslo-ungdom som tek utdanning utanfor Oslo, har ein sterk tendens til å flytta heim i hui og hast etter siste eksamen.
Dette skriv Gunnar Yttri i ein kronikk i Bergens Tidende. Berre seks prosent av studentane ved Norges Handelshøyskole trur dei vil arbeida i Bergen etter endt studium. For Høgskulen på Vestlandet varierer tala for dei ulike utdanningane, men alle har til felles at det store fleirtalet av studentane arbeider på Vestlandet to år etter utdanninga.