
I ein skjelsettande dom i den internasjonale domstolen har Myanmar blitt funne skuldig i folkemord mot Rohingya-folket i 2017. Det er ein svært høg terskel for at en stat skal bli dømt for dette mest alvorlege brotsverket i folkeretten, fordi det krev at ein finn prov for at staten har hatt til hensikt å utrydde heile eller deler av folkegruppa. Saka mot Myanmar er reist av Gambia.
Dette er første gongen nokon stat er kjend skuldig i folkemord. I 2017 fordreiv spesialstyrkar frå Myanmar meir enn 700.000 menneske frå den muslimske Rohingya-minoriteten ut av landet. Over ein million Ronhigya-folk lever i dag i flyktningeleirar i Bangladesh, medan opp mot 600.000 framleis lever i Myanmar. Dommen finn prov for at staten Myanmar gjennomførte gjengvaldtekter mot Ronhingya-kvinner, og viser til tiltak som ei maksgrense på to barn for Roingya-familier som demonstrerer medviten vilje til å hindre folkegruppa i å vekse.
Det blir rekna for sannsynleg at denne dommen styrkar Sør-Afrika si sak mot Israel med påstand om folkemord mot palestinarane.