Ei uavhengig gransking har intervjua meir enn 500 vitne og konkluderer med at minst 4815 barn har blitt misbrukte i den katolske kyrkja i Portugal. Tidsfristen for å reise sak mot overgriparane har gått ut for de fleste sakene, men 25 av dei er overlevert til politiet. Overgrepa skal ha skjedd gjennom fleire tiår.
Pave Frans skal besøke Portugal i august, og vil kanhende møte fleire av ofra for overgrepa. Kardinalen i Lisboa sa i haust at han var klår til å «innfømme feila frå fortida, å be om orsaking». Eit av overgrepsofra seier til Le Monde at ho «blir uvel av kyrkja sine forsøk på å dekkje over seksuelle overgrep».