Norgesgruppen får ei bot på 2,3 milliardar kroner, medan Coop Norge og Rema får 1,3 milliardar kvar i bot.
Dei tre daglegvaregigantane avviser at prisjegerane kan vere ulovleg.
I desember 2020 varsla Konkurransetilsynet at dei ville krevje 21 milliardar kroner i bot frå dei tre kjedene, ut frå ein påstand om at kjedene hadde ulovlege avtalar om å avgrense konkurransen. I vår droppa tilsynet denne påstanden, men held fast ved at prisjegerane er ei form for prissamarbeid.