Margareth Olin: Vi har teke ‘kongeåret’ frå barnehagebarna

Margareth Ohlin lanserer i desse dagar den nye filmen sin "Barndom", der ho følgjer barna i Aurora barnehage på Nesodden gjennom eit år. Ho ønskjer å løfte fram barna sine stemmer i denne filmen. I år er det 20 år sidan 6-års reforma, som gjorde seksåringane til skuleelevar. Den gongen blei det lova at seksåringane framleis skulle få leike, sjølv om dei no skulle gå i skulen.

Men Ohlin meiner i dag at det vi gjorde, var å ta "kongeåret" i barnehagen i frå seksåringane. – I aldersblanda grupper så likar 6-åringane å hjelpa dei yngre. Dei ser seg sjølv utanfrå på ein heilt annan måte enn ein 4- og 5-åring klarerseier ho til framtida.no. – Dei kjem med innspel til leiken. Det at 6-åringen har dette blikket, gjer at dei blir beundra av dei andre borna og at det flyt god sjølvkjensle inn i dei. Gjennom 6-årsreforma tok me frå borna kongeåret i barnehagen, slår Margreth Olin fast.

Då ho vitja Stord, fekk ho støtte frå studentar på barnehagelærarstudiet. – Det er skremmande at leiken er vekke, seier Helge Nuntun.

Ohlin ønskjer eit barnehageopprør: – I vår tid er vi så opptekne av at stadig yngre barn skal tileigna seg ytre læring. Kan det vera ei årsak til at vi diagnostiserer stadig fleire barn? I løpet av elleve år fekk vi ei tidobling av ADHD-diagnosar. Og så er det slik at det er dobbelt stor sjanse for å få ein ADHD-diagnose viss du er fødd i desember, som i januar.

Les meir på Framtida.no