Samandrag Temaet for denne avhandlinga er utvikling av det matrikulære systemet i Norge, som er eit system av tysk type – German style cadastral system. Avhandlinga legg særleg vekt på utvikling av ordningane for oppmåling og kartlegging av eigedomsgrenser. Ved å samanlikne utviklinga i Norge med « best practice » system av denne type , er målet med avhandlinga å finne ulikskapa r i utvikling , kva konsekvensa r desse ulikskapane har for det norske matrikulære systemet i dag , og foreslå moglege forbetringar.
Med det matrikulære systemet i Norge vert i denne samanhengen meint det registersystemet som skal gje informasjon om fast eigedom, og dei to viktigaste elementa er grunnboka og matrikkelen. Grunnboka har sitt utspring i dei bestemmelsar om føring av underrettsprotokoller som vart innført tidleg på 1600-talet, med formål å dokumentere og verne om eigedomstransaksjonar. Matrikkelen har sitt utspring i den gamle skattematrikkelen som vart sett i verk på siste halvdel av 1600-talet, då med formål utlikning av skatt.
I andre land i Europa med matrikulære system av tysk type vart det ut over 1800-talet utført økonomiske kartleggingar som resulterte i nasjonale eigedomskart. Desse karta kjenner vi i dag som katasterkart eller matrikkelkart, og formålet var først og fremst modernisering av skattesystemet. Grunnbok og matrikkel skulle i andre land verte samordna på basis av dette matrikkelkart et , og det vart utvikla landmålarprofesjonar for vedlikehald av kartsystemet. Ei tilsvarande utvikling med modernisering av det matrikulære systemet ved økonomiske oppmålingar skulle vi ikkje få i Norge på 1800-talet. Samordning av grunnbok og matrikkel skulle i Norge skje på bakgrunn av matrikkelens nummereringssystem, og ikkje på bakgrunn av eit nøyaktig kart over eigedomsteigane, då dette kartet ikkje var etablert i Norge. Rundt 1900 hadde matrikkelen mist si rolle som grunnlag for utlikning av skatt, og ut over 1900- talet var grunnboka den dominerande delen av systemet, med matrikkelen i ei noko uklår rolle med etablering av nye eigedomar og tildeling av eigedomsidentifikasjon. Dette var systemet på landsbygda, i byane hadde det vorte etablert eigne matriklar og system med oppmåling og kartlegging, hovudsakleg frå 1900 og framover.
Etter 2. verdskrig en vart det i Norge, som i mange andre land, sett fokus på planlegging og kontroll med arealbruk. Medan andre land med German style cadastral system gjennom lange tider hadde utvikla eit detaljert storskala kartverk som var veleigna for eit slikt formål, mangla Norge dette. Det vart derfor sett i gang eit storstilt kartleggingsprogram rundt 1960 – økonomisk kartlegging, og ut over 1960- og 1970- talet var mange grupper og utval i arbeid for å få på plass eit moderne storskala kartverk over Norge. Eigedomsdelingar vart imidlertid på landsbygda framleis utført av lekmenn utan at nye eller endra eigedomsgrenser vart registrert i det nye økonomiske kartverket, og det vart sett i gang arbeid med å modernisere eigedomsregistreringa. Dette arbeidet førte fram til at det i 1980 vart innført krav om nøyaktig oppmåling og utforming av målebrev ved danning av nye eigedomar og festegrunn for heile landet, ei oppgåve som vart lagt til kommunane, men utan reelle kvalifikasjonskrav til dei som skulle utføre arbeidet eller tiltak for å byggje opp eit slikt utøvarkorps. Ut over 1980 talet starta det opp arbeid med å digitalisere den informasjon en ein hadde om eigedomsgrenser, i økonomisk kartverk og nye og eldre målebrev. Dette materialet vart ut over 2000-talet samla i eit nasjonalt register – matrikkelen, der matrikkelkartet med informasjon om eigedomar si utstrekning er det sentrale elementet.
Avhandlinga er eit bidrag til ny kunnskap om utviklinga av det matrikulære systemet i Norge, og avvik i høve til internasjonal «best practice» og konsekvensane av dette.
Det matrikulære systemet skal sikre eigedomsrettar og at eigedomsmarknaden fungerer godt. Det skal også vere kjernen i det nasjonale geografiske informasjonssystemet som skal skaffe fram nødvendig kartinformasjon for planlegging og regulering og vere eit påliteleg bindeledd mellom grunneigarar og styresmakter i spørsmål om bruk av areala i Norge.
Avvik som er funne mellom «best practice» internasjonal utvikling og utviklinga i Norge viser at medan det internasjonalt er skattlegging, vern av eigedomsrett og førebygging av grensetvistar som har vore i fokus ved etablering av matrikkelen (katasteret), så har det i Norge vore offentleg sektor sine behov for informasjon til planlegging og styring av arealbruk som har vorte mest vektlagt ved utforming av dagens matrikkel. Systemet for å fastsetje eigedomsgrenser og sikre grunneigarrettane er svakt utvikla, noko som har ført til manglande kvalitet i matrikkelkartet, mangelfull kvalitet i det nasjonale kartgrunnlaget og eit høgt og aukande tal eigedomstvistar i rettsapparatet.
Det er ikkje utvikla ein landmålarprofesjon tilsvarande det vi finn i andre land til å forvalte eigedomskartet og handtere usikkerhet og slik løyse eigedomstvistar utanfor rettsapparatet. Avhandlinga syner at ein ikkje har fått det systemet som ein tenkte seg då ein starta opp modernisering rundt 1960 som skulle føre til reformene på oppmålingsområdet frå 1980. Kartinformasjonen i matrikkelen har ikkje den nødvendige kvalitet. Dersom det ikkje vert sett i verk tiltak for å utvikle eit system der det vert utvikla ein landmålarprofesjon som kan sikre at grensefastsetjing og kart er korrekt, vil talet på eigedomstvistar auke og kartet mangle den kvalitet som er nødvendig for å verte det tenlege verktøyet for utføring av dei samfunnsoppgåver som systemet er tiltenkt