Doktoravhandling foreslår ny landmålarprofesjon

[caption id="attachment_4656" align="alignright" width="293"] Leiv Bjarte Mjøs[/caption]

Av Nina Samnøy, HiB

For mange nordmenn er fast eigedom deira viktigaste formue. Likevel er den norske eigedomskartlegginga dårleg utvikla. Leiv Bjarte Mjøs disputerer 15. april om det matrikulære systemet i Noreg.

Sidan 1600-talet har det i Noreg utvikla seg eit registersystem som skal gje informasjon om eigedomsrettar og utstrekning av eigedom. Dette registersystemet vert kalla det norske matrikulære systemet.

I doktoravhandlinga si «Matrikulær utvikling i Norge» undersøkjer Leiv Bjarte Mjøs korleis det matrikulære systemet i Noreg har utvikla seg historisk. Avhandlinga er særleg retta mot oppmåling og kartlegging av eigedomsgrenser.

I arbeidet inngår ei komparativ analyse av denne utviklinga sett i forhold til andre land sine system. I Nord- og Sentral-Europa vart det gjennomført eigedomskartlegging utover 1800-talet, i tillegg til utvikling av landmålarprofesjonar for vedlikehald av dette kartverket. Men ei slik utvikling fekk vi ikkje i Noreg.

Her i landet starta den økonomiske kartlegginga først opp rundt 1960. På landsbygda vart eigedomsdelingar utført av lekmenn heilt fram til 1980, og dette blei gjort utan nøyaktig oppmåling og kartlegging. Då oppmålingsplikt for heile landet blei innført i 1980, vart denne oppgåva lagt til kommunane, men det blei ikkje sett spesifikke kompetansekrav til dei som skulle utføre arbeidet. Eigedomskartet som blei utvikla er mangelfullt.

I Noreg er det framleis ikkje registreringsplikt (tinglysingsplikt), og grunneigarane kan lovleg avtale andre grenser enn dei grensene som vert målt opp. Men 3. mars i år vedtok Stortinget å be Regjeringa greie ut om systemet for eigedomsoppmåling.

I doktoravhandlinga drøfter og foreslår Leiv Bjarte Mjøs tiltak som kan betre situasjonen, som til dømes profesjonalisering av fagfeltet og styrking av utdanning og forsking. For at eigedomskartet på sikt skal bli korrekt, bør det innførast oppmålingsplikt ved omsetjing av eigedom som ikkje frå før er tilfredsstillande oppmålt og kartlagt. Grunneigarane bør i tillegg få plikt til å registrere grenseendringar, peikar Mjøs på.

Leiv Bjarte Mjøs (59) er førsteamanuensis ved Institutt for byggfag og utdanna cand.agric. i jordskifte.

Disputasen finner stad ved NMBU, Institutt for landskapsplanlegging, fredag 15. april 2016

Avhandlinga kan lesast her