Kvar femte sysselsette i Hordaland er knytt til olje og gass

[caption id="attachment_3938" align="alignright" width="300"] Troll B-plattforma. Foto: Håkon Thingstad (2010)[/caption]

Hordaland Fylkeskommune har i ei ringverknadsanalyse kartlagt at 20 prosent av dei sysselsette i fylket er knytt direkte eller indirekte til olje- og gassklynga i fylket. Det gjer fylket svært utsett når det skjer endringar i denne sektoren.

12 prosent av dei sysselsette er direkte knytt til olje og gass, medan 8 prosent er indirekte knytt til næringa i arbeidsplassar som driv med reparasjonar, i hotell- og restaurantbransjen og andre næringar. I offentleg sektor er berre 2 prosent indirekte knytt til olje og gass.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) har tillit til kompetansen i bransjen, og peiker på at arbeidsmarknaden i Hordaland er global, ikkje lokal. – Vi må vere nytenkande og nytte den breie kompetansen til å tenke utvikling, seier fylkesordføraren.

Olje- og gass-næringa i fylket arbeider mykje med dei store felta Troll og Oseberg. Desse felta vil halde fram i lang tid. Samstundes er det store investeringar på gang i Sverdrup-feltet. Dermed er ikkje Hordaland fullt så sårbare for fallet i oljeprisen som tala ved første blikk kan tyde på.

Les meir på hordaland.no