Medan Europa står i ei alvorleg krise der vi av all makt støttar dei liberale rettane og fridommane, skjer det eit billegsal av dei same prinsippa.
Av Jan IngeSørbø (trykt i Dag og Tid 24.6.229
Julian Assange, som har vore halden innesperra i årevis i britisk fengsel, skal ekspederast vidare til USA, der han skal døy i fangenskap. Den britiske regjeringa tvettar sine hender. Og den norske regjeringa, med utanriksminister Huitfeldt i spissen, nøyer seg ikkje med å tvetta hendene, ho sit med dei i fanget.
Dei fleste kjenner saka: Julian Assange greidde å skaffa seg tilgang til eit massivt materiale som styresmaktene i USA ville halda hemmeleg. Det viste med grotesk presisjon at USA brukte systematisk tortur i krigane sine, at dei braut Genèvekonvensjonane for krigføring på punkt etter punkt. Dette landet har aldri godteke den internasjonale domstolen i Haag, for dei meiner dei ikkje treng det. Hemmelege rettsprosessar i hæren er pålitelege nok, meiner dei.
Desse rettsprosessane, om dei finst, har vore pålitelege på sitt vis: ved å frikjenna alle brotsverk som blir gjorde på amerikansk side. Som om dette ikkje var nok, oppretta USA ei rettslaus sone i Guantánamo-leiren på Cuba, der dei kunne bryta alle lover for fangehandsaming, fordi dei var i internasjonalt farvatn, så å seia.
Dette er kjent for dei som vil vita det.
Svartkvitt
I den pågåande krigen har det vore lite populært å minna om det. Fordi det Russland har gjort, er så grove brot på internasjonal lov og orden, skal vi tru at vestleg side aldri forbryt seg. Det skal vera svartkvitt. Å minna om vestlege lovbrot og overgrep mot menneskeverdet blir kalla whataboutism: Ja, men kva med Guantánamo? Ein ser det som eit argument for den uprovoserte åtakskrigen mot nabolandet.
Men slik er det ikkje. For å kunna halda fast på at Russland har forgripe seg på nabolandet, er ein nøydd til å respektera dei lovane som gjeld, i aust og i vest. Dersom ein tek til å gjera unntak for seg sjølv, så blir ein meir og meir lik putinistane. Det er jo dette totalitære leiarar gjer alle stader: Dei blir sine eigne lovgjevarar og gjer unntak for seg sjølv i alle juridiske spørsmål.
Forbetringar
Når Assange-saka kom opp no, ved at den britiske Britannia waives the rules-regjeringa bestemte seg for å senda den store journalistiske avsløraren i døden, hadde den europeiske sida ein sjanse til å bli meir truverdig. Dei kunne seia: Også vi har hatt svin på skogen, også vi har sett gjennom fingrane med alvorlege brotsverk. Men det skal det bli slutt på. Vi vil ikkje tola det. Vi frikjenner Assange og set han fri, som den store forkjemparen for ytringsfridom han er.
Og når vi først drøymer, kunne vi også drøymt at USA forstod at avsløringane hans kunne blitt ein sjanse til å gjera USA til eit meir lovlydig land. Ein grunn til å halda på ytringsfridommen er at påpeiking av feil kan føra til forbetringar.
Det er små utsikter til at USA vil angra sine krigsbrotsverk. Dei skaper nye før dei har hatt sjansen til å angra på dei gamle. Og resultata slår mellom anna ut i ein våpenkultur der skulebarn til sist blir offer for den manglande angeren. Det er heller ikkje lett å tru at den britiske regjeringa skulle ta til å lyda lovene, med ein lystløgnar som regjeringssjef. Britane lagar sjølv videoar med titlar som «livet og løgnene til Boris Johnsen».
Ryggelaus etikk
Men ein kunne håpa på at den norske regjeringa retta ryggen og tok resolutt avstand frå det justismordet som skjer. Men det gjer dei definitivt ikkje. Anniken Huitfelt er motstandar av terror når han blir utført av høgreekstremistar og fiendar av vestleg kultur, men er viljug til å sjå gjennom fingrane med den terroren vår største allierte gjennomfører mot fangar og politiske motstandarar.
Denne ryggelause etikken gagnar ikkje Vesten slik argumentet er («no må vi stå saman» etc. etc.). Den svekkjer truverdet til Vesten. Dersom ein no slo ring rundt Assange og hylla han for den enorme journalistiske jobben han har gjort, så ville det styrkt trua på dei verdiane som står på spel, og som me vil forsvara. Feigskapen i møte med denne saka er ein konsesjon til ytringsfridommens fiendar. Denne saka gjer det pinleg å vera norsk.
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.
Innlegget er trykt med godkjenning av forfattaren og Dag og Tid