Klassejus: Låg løn, strengare straff

Justitia, illustrasjon OpenClipart Vectors, via Pixabay
Justitia, illustrasjon OpenClipart Vectors, via Pixabay*
Vi er diverre langt i frå så like for lova som vi gjerne vil tru. Det syner ei undersøking NRK har gjort saman med gravegruppa Lighthouse Reports. Om du tener  meir enn 700.000 kroner og blir dømt til fengselsstraff, vil du statistisk sett få 46 prosent kortarer straff enn om du tente mindre enn 200.ooo kroner.

Undersøkinga syner også at det ikkje løner seg i retten å ha utanlandsk opphav, vere mann eller vere ung.

Generasjonskløfta mellom dommar og dømd kan også påverke straffene – gamle dommarar dømer lengre fengselsstraffer enn yngre dommarar. Dei eldre dømmer også tiltalte med utenlandsk opphav strengare.

Strafferettsforskar Katrine Holte ved Politihøgskulen trur diskrimineringa skjer ubevisst. – Det er en kjent sak at en person i fin dress og med god jobb kan fremstå mer troverdig enn personer som livet ikke har fart like godt med. Rettssalen er ikke nødvendigvis noe unntak, seier ho til NRK.

Les meir på NRK.no