INN: Ny bachelor i berekraftsøkonomi

Høgskolen i Innlandet lanserer eint heilt nytt bachelorstudium til hausten – Berekraftsøkonomi. Studiet er oppretta etter at det syner seg vere bruk for slik kompetanse i næringslivet. Studiet inneheld dei obligatoriske faga for å kunne gå vidare på master i økonomi og administrasjon, og for siviløkonomstudiet. Men heile 82,5 studiepoeng, eller nesten 1,5 år, er sett av til studie av berekraft.

Orkla er ei av verksemdene som ønskjer seg tilsette med kompetanse i berekraft. Der arbeider dei alt no med å redusere bruk av plast, palmeolje, sukker og salt i maten.

– Målet med denne bachelorgraden er å utdanne folk som kan være med å utvikle næringslivet, slik at det fortsatt er der om 10 år. De bedriftene som har fokus på bærekraft, har også en bedre utvikling, seier Vegard Herlyng, leiar av Høgskolesenteret i Kongsvinger.

Les meir på inn.no